Temperaturendringar - øyhopping frå Cuba til Island

Konsertforestillinga står i spenn mellom Cuba og Island (og alle øyene i mellom). Førebu deg på både frysningar og heitetokter!

page view image

Tickets Not Available

order
Tickets not available anymore
event image

Event information

To øyer -  nummer 17 og 18 på lista over verdas største - i kvar sin ende av den livsviktige Golfstraumen. Cuba med 11 millionar og Island med berre 380 000 innbyggarar. Ei varm og ei kald øy. Eller vent! Island er også varm, berre på innsida. 

Ingibjörg Haraldsdottir (1942-2016) skreiv dikt om Island, Cuba, øyer, utferdstrong og kvinner. Trygve Brøske har tonesett nokre av dikta i ei fargesprakende musikalsk drakt - eit energisk kulturkrasj mellom Island, Cuba og Norge.

Duoen Vestavill (sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben) har invitert fiolinist Atle Sponberg til samspel, og saman urframfører dei verket denne hausten.

På programmet står også eit utval cubanske og islandske låtar. Regissør/forfattar Marianne Meløy har saman med Vestavill skrive underfundige tekster som bind det heile saman. 


Velkommen til Kalkmølla, 21. november kl 19!



Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Tags

temperaturendringar
vestavill
atlesponberg
trygvebrøske
ingibjörgharaldsdottir
kalkmølla
Organizer
Vestavill