page view image

Temperaturendringar - øyhopping frå Cuba til Island

Konsertforestillinga står i spenn mellom Cuba og Island (og alle øyene i mellom).
Førebu deg på både frysningar og heitetokter!

Informasjon
event image

To øyer -  nummer 17 og 18 på lista over verdas største - i kvar sin ende av den livsviktige Golfstraumen. Cuba med 11 millionar og Island med berre 380 000 innbyggarar. Ei varm og ei kald øy. Eller vent! Island er også varm, berre på innsida. 

Ingibjörg Haraldsdottir (1942-2016) skreiv dikt om Island, Cuba, øyer, utferdstrong og kvinner. Trygve Brøske har tonesett nokre av dikta i ei fargesprakende musikalsk drakt - eit energisk kulturkrasj mellom Island, Cuba og Norge.

Duoen Vestavill (sopran Ingvill Holter og pianist Marita Kjetland Rabben) har invitert fiolinist Atle Sponberg til samspel, og saman urframfører dei verket denne hausten.

På programmet står også eit utval cubanske og islandske låtar. Regissør/forfattar Marianne Meløy har saman med Vestavill skrive underfundige tekster som bind det heile saman. 


Velkommen til Kalkmølla, 21. november kl 19!



temperaturendringar vestavill atlesponberg trygvebrøske ingibjörgharaldsdottir kalkmølla

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.